.
Signe minnet, onkel Nils 🕯
Takk Nils for gode møter både privat og i arbeidslivet.
Takk for gode stunder på dei gamle vegane i Lærdal !
Takker for alle gode stunder vi har hatt sammen på Torsneset!
Kvil i fred Nils.
Takk Nils,
for alle gode stunder i Eikelandsosen, på Heimli og på Uglehus️ ️
Kjære Bestefar.
Du for brått.
Eg var klar til å få eit betre forhold til deg. Eg var klar for å vaska og styra på inne hos deg kvar 14.dag. Eg var klar for å ein dag me sku sitta å drikka kaffi ilag med stovebordet å snakka om dine gamle arbeidsdaga. Eg var klar for å stilla alle dei spørsmåla eg har lurt på. Eg var klar for å. vertfall prøva, å bli så godt kjent med deg som mulig. Å læra alt du veit.
Me fekk liksom aldri gjort da. Me fekk liksom aldri hatt oss ein skikkelig god prat, men eg trudde liksom at no var tio, det var no me skulle få sjansen.
Eg er utrulig takknemlig for alt me fekk gjort ilag. Me hadde oss tura til tannlegen. Du kom og såg på fotballkampane mine. Og me spelte musikk ilag. Både åleina og med publikum. Etter kvar sydentur du og Synnøve kom heim frå så hadde du alltid med deg nåke, enten det var ei veske, eit armbånd, eller noko anna. Å få ein god klem frå deg når me va på middagsbesøk var alltid godt. Møtte både meg og Håkon med åpne arma. Å komma innom te dåke i fjorden etter skulen var alltid lika kjekt. Enten det var før fotballtrening, ein plass å legga sekken frå seg eller ein tur innom på besøk. Eg er veldig glad for at me fekk feira 17.mai ilag i år. Det var veldig koslig.
Tusen takk for alt bestefar, veldig glad i deg<3
Kjære pappen min.
Brått var vegen til endes.
Det skjedde fort, og eg er glad for at eg var innom deg dagen før, ikkje visste me at det var siste gongen me skulle treffast.
Du og meg pappa, me fann liksom aldri heilt ut av det med kvarandre, det vart berre slik, men me var glade i kvarandre likevel, og hadde jamnleg kontakt. Me kjem alle til å sakne deg.
️❤️❤️Kvil i fred pappa.️❤️❤️