Informasjon

Ingrid Brita Lid Nordø

  • 14.08.1964 - 31.08.2022

Velkommen til Ingrid sin minneside.

Ingrid vaks opp i Vikøy i Kvam som veslesøster til Nils og Reidun. Ho var Hardangerjente heile livet, men etter sjukepleiestudiet i Stavanger var det i Bergen og Fana ho stifta familie og levde sitt yrkesliv som sjukepleiar og jordmor. På toget til Finse i 1990 møtte ho blikket til ein høg, mørk bergensar som heitte Even. Dei fekk eit langt og vakkert kjærleiksforhold og tre flotte barn. Ingrid hadde ein trillande latter og eit ansikt som strålte. Ho var eit strålande menneske som gjorde inntrykk på alle som blei kjend med henne. Ansvarskjensle prega henne som sjukepleiar og ho blei ei utruleg engasjert jordmor. Vanngymnastikk for gravide var eit pionerarbeid i Bergen. Ho gjekk all inn enten det var jobb, fagforening eller anna organisasjonsarbeid og var ikkje redd for å sei si meining. Ingrid var glad i familie og slekt og tok hovedansvar for mor si og far sin i mange år. Likeeins var ho ei omsorgsfull veslesøster for søskena sine, og blei høgt verdsatt i den store vennekretsen. Men først og fremst var ho Even sin store kjærleik og ei fantastisk mor for Lars, Susanne og Elisabeth. Ingrid fekk ei tung tid etter at ho fekk alvorleg hjernesvulst. Ho takla sjukdomen på tappert og imponerande vis, og var takknemlig for gode stunder saman med sin nære familie. Ho fekk også støtte av likepersonar i Hjernesvulstforeningen, og håp fordi foreninga jobbar for betre og meir skånsomme behandlingsmetodar. Ingrid si livsreise blei så altfor kort. Sorga og saknet er stort, men vi er djupt takknemlige for alt ho gav oss den tida ho fekk leva.

Annonser for Ingrid Brita Lid Nordø

Dødsannonse
Dødsannonse
Innrykksdato
Bergens Tidende
09-09-2022